Gruppe aktiviteter - vinter
Gjør noe ekstra under deres kursopphold
Sammen med Vossamoro kan vi tilby:
Lagbygging – aktivitet med meining: Gruppa vert delt inn i lag som saman skal løysa 5 ulike praktiske / teoretiske oppgåver. Stikkord i denne samanheng er kommunikasjon, samarbeid og kreative løysingar. Oppgåvene består av ein teoretisk del og ein praktisk del.
Vinterens Mestermøte: Ein populær vinteraktivitet der gruppa vert delt inn i lag, som skal konkurrera mot kvarandre i 7 ulike øvingar, som til dømes aking, langski, og øksekasting. Her står utfordringane i kø, det er berre til å ta fram konkurranse instinktet og kjempa om å bli kåra til gruppa sitt MESTERLAG.
Aking frå Hangurstoppen og ned: Ein aktivitet som føregår etter offisiell stengetid av skianlegget. Deltakarane vert frakta opp med Ekspressheisen til Hangurstoppen 820 moh. Akeløypa måler ca 5 km og svingar seg nedover eit variert og flott terreng. Ein fantastisk flott tur som passar for alle som vil oppleva den vakre fjell – heimen, fart og spenning.
Null – løp på ski og parallell cup i slalåm: Null – løp på ski er ei form for ski konkurranse der alle kan delta og alle kan vinna uansett ferdigheitsnivå. Parallell – cup er ein spennande ski konkurranse der ein køyrer mot kvarandre ned to identiske slalåm løyper med portar.




